tirsdag 11. september 2007





Mi sjel, lov Herren! Ja, alt som i meg er,skal lova hans heilage namn. Mi sjel, lov Herren,gløym ikkje alle hans velgjerningar! Han tilgjev all di skuld og lækjer all din sjukdom. Han friar ditt liv frå grava og kronar deg med godleik og miskunn. Han fyller ditt liv med det som godt er,og gjer deg ung att som ørna. Herren grip inn og frelser, lèt alle som er trælka, få sin rett. Han kunngjorde sine vegar for Moses,sine gjerningar for Israels folk. Mild og nådig er Herren,langmodig og rik på miskunn. Han kjem ikkje alltid med klagemål og er ikkje evig harm. Han gjer ikkje med oss etter våre synder og løner oss ikkje etter våre misgjerningar. Så høg som himmelen er over jorda, så stor er Herrens nåde over dei som ottast han. Så langt som aust er frå vest, så langt tek han våre synder bort frå oss. Som ein far er miskunnsam mot borna sine, er Herren miskunnsam mot dei som ottast han. For han veit korleis vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv.

Ingen kommentarer: