torsdag 7. august 2008

Hus-styling i Skaret

Slik kan det gå når Tomren-Ytterlands slår seg saman om å shine huset i Skaret. Nokre melde seg frivillig til dugnad; andre blei blanda inn fordi dei var her for å lage ripsgele då "to-do-lista" vart skriven:

Kristina har dugnadsånda intakt. Ho har mellom anna måla garasje, støvsuga og klipt eføy, og fortjenar hedersomtale her på bloggen vår. Tusen takk!:)


Tallerkenhylla pg dei nydelege fata fann ej på Emanuel-loppis. Kjolen fekk ej med farmor i 2års-gåve.


Yttergangen vår var litt kjedelig med nakne, kvite veggar, så det vart totalforandring med knaggar og ei fille frå IKEA, og ei grein med knallraude rips frå hagen. Det er så in for tida med støvlar til pynt, så ej drog like godt fram mine slitte, gamle seilerstøvlar og stilte dei ut ilag med regnfrakken min. Ikkje noko Ilse Jacobsen eller Hunter her i garden:)

Kontoret vårt: Ej tok kanskje litt av her? Muligens fordi det høyrast så kjedeleg ut med kontor. Det vart i allefall ryddig med hyller frå Clas Ohlson og korger frå Åhlens. Ej og Kristina laga penne-, strikkepinne- og sakseholdarar av gamle bokser og fine papir. I vinduskarmen landa det ein raud flylampe som ej syns e veldig kul. Mi gamle lilla dukkevogn blei også parkert her inne. Pappa sin onkel Svein snikra skrivebordet på ungdomsskulen. Kontoret er også strykerommet mitt, så der duftar deilig av nystrøkne klede og lavendel, som blir tilsatt strykejernet når sengekleda vert strøkne.

Mi kjære, snille tante Turid har ein veldig fin hage. I går var ej borte med dei for å helse på lillepusen dei akkurat har fått, og gjekk derifrå med denne yndige buketten med erteblomster, og eit par flotte georginer.

Slik som yttergangen trengte gangen vår litt oppfrisking. Ej mala eit halvgamalt sminkebord i "Isvann"; ein nydeleg sjøgrøn farge, og skifta ut knottane. Stolen kjøpte ej på loppis i fjor, og puta frå Indiska passa perfekt til både stolen og sminkebordet...

... denne hylla litt lenger opp i trappegangen laga ej av drivved og hylleknektar frå Indiska. Ej blei ganske nøgd med den! Både fin og passe skeiv:)

Til slutt: Ekte Nora-ripsgele.

2 kommentarer:

hjemme bra sa...

Så koselig dere får det!

Og ripsgeleen ser god ut!!!

Anonym sa...

Hei Randi!!
Håpe du he d bra, du må oppdatere bloggen snart!

Ej vil gi den en *I Love Your Blog* award, gå inn på bloggen min så kan du kopiere bilde og regla!

Hilse na Svein

<3